Hilmarfestivalen

Som dagleg leiar i Stiftinga Hilmar Alexandersen (www.hilmarfestivalen) har eg ein spannande kvardag. Vi er tre som arbeider her – og vi arbeider for bevaring og styrking av tradisjonskulturen – spesielt folkemusikk, folkedans og forteljing. Det er jo i det siste punktet vi møter miljøet i Ljungby. Vi driv Hilmarfestivalen, Hilmarscenen– og vi er Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans. Vi deler ut den nasjonale Hilmarprisen kvart år, og vi har ulike prosjekt – som for eksempel Hilmartalentet, der ein nasjonal jury plukkar ut det mest lovande talentet innanfor folkemusikk og utstyrer vedkommande med to ulike mentorar og hjelper til med ulike oppdrag.

Det er likevel Hilmarfestivalen som er hovudarrangementet vårt, og Hilmarfestivalen er også nemnt i formålet til Stiftinga. Vi starta Stiftinga i 2005, men da hadde det alt vore arrangert to mindre Hilmarfestivalar – så festivalen i 2020 blir dermed festival nummer 17 (det var ingen festival i 2005).

Hilmarfestivalen Steinkjer kirke

Festivalen blir arrangert i november, og på eit vanleg år, ville vi venta ca. 10 000 publikum. Slik blir det nok ikkje i år, og vi er enno spente på korleis det ser ut i november i år på grunn av Korona-situasjonen. Vi arbeider derfor med tre planar: Plan A (vi kjører som vanleg – lite truleg) Plan B: Vi reduserer inntaket av folk i salane og strømmer det meste av konsertar. Plan C: Vi kan ikkje sleppe inn nokon, men strømmer alt. Det mest sannsynlege blir nok at vi får sleppe inn nokre, og så får vi strømme konsertane og håpe at folk ikkje er alt for lei av strømmekonsertar, men vil betale noko for å sjå på!

I tillegg til reine konsertar har vi jo også danseforestillingar (blir avlyst i år), kurs, konferansar, lysvandringar, myldrearrangement, kunstutstillingar, forteljar-arrangement og seminar. Vi har eit stort barne- og ungdomsprogram, og målet er at unge skal få møte topp utøvarar og bli inspirerte av dette. Både gjennom kurs, foredrag og andre opplevingar. Vi samarbeider også med mange ulike organisasjonar og grupper – og arbeidsmåten vår er å vere ein nettverksentreprenør og gjennom å mobilisere og samorganisere ressursar hos samarbeidspartnarar etter klyngeprinsippet.

Dette er vel eigentleg berre ein litt snobbete måte å seie at vi vil samarbeide med så mange som muleg mest muleg for å nå målet vårt.

Totalt i eit vanleg år så vil vi ha mellom 140 – 200 ulike arrangement. I år har vi måtta avlyse og utsette alle arrangement frå midten av mars og fram til no, så akkurat no, så ser det ut til at vi kjører (ganske små riktig nok, men likevel) arrangement nesten kvar dag frå og med slutten av september til midten av november.

Eg kjenner at eg gleder meg allereie! – og tenk at i år kan du også vere med framfor PC-en din ☺ www.hilmarfestivalen.no 

Johan Einar Bjerkem

Lämna en kommentar

Under Folktro och traditioner

Kommentera

Fyll i dina uppgifter nedan eller klicka på en ikon för att logga in:

WordPress.com-logga

Du kommenterar med ditt WordPress.com-konto. Logga ut /  Ändra )

Twitter-bild

Du kommenterar med ditt Twitter-konto. Logga ut /  Ändra )

Facebook-foto

Du kommenterar med ditt Facebook-konto. Logga ut /  Ändra )

Ansluter till %s