Tradisjonsstoffet i Trøndelag liknar sjølvsagt på tradisjonsstoff andre stader i Norge, Norden og verden. Vi har segner, eventyr (sagor), ordtak, vitsar, gåter og viser. Her tenkte eg at eg skulle skrive litt om den største samlaren av trønderske eventyr. Ikkje det at han var så veldig høg, men han fekk samla veldig mye…

Karl Braset (1880 – 1945) vart fødd 4. april på garden Braset i noverande Steinkjer kommune. Han var interessert i språk heilt frå starten, men begynte likevel å studere på det matematisk-naturfaglege linja da han kom til Oslo. Eigentleg ville han ikkje gå på skole – han var meir interessert i vekster og landbruk, men han hadde mellom anna fallsjuka – epilepsi, så faren meinte at skulle det bli noko av han, så måtte han studere. Han kunne ikkje arbeide praktisk, meinte han.
Braset var også interessert i språk, og gav ut ei lita bok 1903 – ein grammatikk over dialekten i heimbygda «Sparbu-grammatikken». Det var dette som fekk han til å interessere for folkediktinga i heimeområdet. For å få eldre folk til å snakke, så ville han ha dei til å fortelje historier og forteljingar. Han måtte ha ein spesiell evne til å komme inn på folk, for mens Peder Chr. Asbjørnsen (den store eventyrsamlaren og utgivaren saman med Jørgen Moe i Norge) berre fekk skrive ned 11 eventyr mens har arbeidde som Forstmeister i distriktet (frå 1860 til 1864), så skreiv Braset ned over 300 eventyr og segner – og i tillegg mange andre folkeminne som hermer, folkelege råd og ordtak.
Dette store materialet kom ut i to bøker i 1910: «Hollraøventyra, Svanøventyra» og «Øventyr og sagn». Karl Braset var opptatt av å gjengi kjeldene sine så nøye som muleg, og skreiv på dialekt slik han fekk seg fortalt eventyret. Synest du som les dette er det er litt vanskeleg å forstå mitt nynorske språk, så vil du i alle fall synest at Karl Braset sine nedteikningar på dialekt vil vere krevjande!

Dessutan: Var informanten dårleg opplagt, eller hugsa dårleg, så vart eventyret også mangelfullt gjengitt i bøkene hans. Eit eksempel på dette kan vere eventyret «Kusin som itt ha nåkkå hjart» [Trollet som ikkje hadde noko hjarte]. Eventyret er uheilt fortalt med det at det manglar nokre premiss som er nødvendige for at handlinga i eventyret skal gi noko meining. Den tidlegare direktøren av Nordisk institut för folkdiktning Reimund Kvideland sa ein gong til meg at han meinte at Karl Braset var ein av dei to nedskrivarane i heile landet som var mest tru mot kjeldene sine.
Dette fører jo også med seg nokre problem om ein vil bli kjent eller populær, sjølvsagt. Asbjørnsen og Moe gjorde som Brødrene Grimm i Tyskland: Dei pussa på språket og gjorde historiene betre lesbare. Mange av naboane syntest han var dreiv med mye tull, men vitenskapsmannen Braset brydde seg ikkje noko om popularitet. For han var det viktig å gjengi det han hørte. Det var viktigare enn å bli kjent.
Og når så til alt overmål nesten 2000 eksemplar, storparten av alle bøkene som var trykt opp gjekk tapt når gården brann ned, vart bøkene hans heller ikkje spreidd i samtida, og han gjekk snart i glømmeboka for «vanlege» folk.
Karl Braset er derfor stort sett ukjent for vanlege folk, sjølv om han har samla over halvparten av eventyra vi kjenner frå Trøndelag.
Stiftinga Hilmar Alexandersen vil gjere sitt til å prøve å endre på dette framover.
Johan Einar Bjerkem