Forteljing i Trøndelag

Hei! Her er din favoritt (og einaste) norske gjestebloggar på Sagobygden tilbake! 

Trøndelag ligg Midt i Norge. Balansepunktet til Norge ligg faktisk i Steinkjer kommune – omtrent 2 mil frå her eg sit og skriv – og ligg på høgde med Jämtlands Län i Sverige. Sjølv om Trondheim er den største byen, er Steinkjer administrasjonsbyen i Trøndelag fylkeskommune og i Steinkjer har også Stiftinga Hilmar Alexandersen administrasjonen sin.

Her sit vi tre personar på eit kontor midt i Kongensgate, og skal etter planen i 2023 flytte inn i det nye Kulturhuset i Steinkjer. Stiftinga Hilmar Alexandersen er oppkalt etter folkemusikararen og mesterspellmannen Hilmar Alexandersen (1902 – 1993), som også var ein god forteljar og entertainer. Vi har mest fram til no arbeidt med folkemusikk og folkedans, men i formålet vårt står det at vi også skal arbeide for tradisjonskultur generelt. Da kjem forteljing inn som eit sentralt moment!

spelmannen HilmarAlexandersen

Vi trur på samarbeid! Derfor har vi tatt initiativ til å danne eit nettverk for forteljing: Tale – og akkurat no er vi 14 organisasjonar som medlemmer i dette nettverket. Alle organisasjonane har det til felles at dei vil fremme den munnlege forteljinga, men også storytelling som verkty for utvikling av opplevelse.

Her er frivillige organisasjonar som Midtnorsk Fortellerforum (som no er den største avdelinga i landet), Fosdalsgruvas venner (som arbeider for formidling av opplevingar i den gamle gruva i Fosdalen), men også offentlege og semi-offentlege aktørar som tre ulike museum, Steinkjer bibliotek, Visit Innherred, Nord Universitet og Tindved Kulturhage og private bedrifter som Hegdahlgården og Malm hotell.

Nettverket gjennomfører forteljarstunder i skolar, under festivalar, på museum og bibliotek og arrangerer opne kurs og seminar. Nettverket står også bak forteljarforestillingar, og skal også arrangere Levende Bibliotek under Hilmarfestivalen. Dette har vi fått støtte frå den norske UNESCO-komiteen til å gjennomføre.

I september skal vi arrangere kurs i munnleg historieforteljing saman med den Bergens baserte organisasjonen Memoar. Vi har akkurat fått statleg støtte til å arrangere forteljarseminar tre år framover i tid – dette under Hilmarfestivalen under november, men det første året blir dette første seminaret relativt lite. Vi tenker likevel å streame det, så følg med på www.hilmarfestivalen.no om du vil følgje med på dette seminaret. Temaet vil bli forteljing som skapar av oppleving.

Aje Victoria Bigset fortalte under Hilmarfestivalen 2019. Foto: Heidi Dahlsveen

Det blir også oppstart av forteljarstudium ved NTNU (Norges Teknisk Naturvitenskaplige Universitet og Dronning Mauds Minde (Høgskoleutdanning for førskolelærarar). Frå før har det bare vore forteljarutdanning ved OsloMet University, men no opnar det altså også opp fortellerstudium i Trondheim. Det er eit initiativ frå Beate Heide i Midtnorsk Fortellerforum som har ført til oppstarten av dette studiet, og nettverket TALE er med og støttar opp saman med fleire andre.

I regionen er det også eit handfull profesjonelle forteljarar på ulike stader, først og fremst i Trondheim og på Røros. Landsorganisasjonen Norsk Fortellerforum har ligge nede nokre år, men Stiftinga Hilmar Alexandersen vil no ta initiativ overfor andre forteljarorganisasjonar om å starte eit nasjonalt nettverk av organisasjonar som Memoar, Norsk Fortellerfestival og Jakob Sande-sentret.

Det skal bli spennande å sjå kva framtida bringer for forteljinga i regionen og i Norge! Vi har også andre planer på gang, men det får eg fortelje om seinare ein gong!

Johan Einar Bjerkem

Lämna en kommentar

Under Att berätta

Kommentera

Fyll i dina uppgifter nedan eller klicka på en ikon för att logga in:

WordPress.com-logga

Du kommenterar med ditt WordPress.com-konto. Logga ut /  Ändra )

Facebook-foto

Du kommenterar med ditt Facebook-konto. Logga ut /  Ändra )

Ansluter till %s