Våra norska vänner: Kulturgården Bjerkem

Sedan flera år har Sagobygden och den norska stiftelsen Hilmar Alexandersen ett erfarenhetsutbyte kring muntlig berättande och immateriellt kulturarv. Vi har också utformat en avsiktsförklaring med syfte att genom samarbete utveckla respektive verksamhet. I senare blogginlägg kommer vi att berätta mer om pågående projekt. Men först berättar Johan Einar Bjerkem om gården han bor på. I kommande inlägg behandlar han det muntliga berättandet i Trøndelag, folkminnesupptecknaren Karl Braset och Hilmarfestivalen.

Kulturgården Bjerkem (www.bjerkem.com

Hei, eg heiter Johan Einar Bjerkem, er norsk og fekk spørsmål frå Per Gustavsson om eg kunne tenke meg å vere gjestebloggar ein 4-5 gonger for Sagobygden. Eg har lært av Pippi at det eg ikkje har prøvd før, det er eg sikkert kjempegod i, så eg sa ja, før Per rakk å angre seg!

Så sa Per at eg måtte begynne med å skrive noko om meg sjølv – det har eg prøvd før, så det er eg veldig dårleg til, men OK da: Eg er i starten av 50 åra, og bur på ein gard i Steinkjer – midt i Noreg. Her bur eg saman med kona mi – og mora og faren min – og dei to ungane våre, som no studerer. Eg driv litt på si som forteller, og har skrive 6 bøker. Og så er eg gründer og dagleg leiar for den allmennyttige organisasjonen Stiftinga Hilmar Alexandersen. 

Per ville høre litt om gården der eg bur på, så da starter eg der. Eg er stor fan av Sagomuseet og har besøkt Ljungby eit par gonger. I Sverige har eg vore mye og har derfor personleg eit godt forhold til Sverige. Likevel har gården Bjerkem eigentleg ganske dårleg erfaring med svenskar, for i 1718 tok den svenske generalløytnanten Carl Gustaf Armfeldt og hæren hans 4 tønner havre, 1,5 tønne blandakorn, 1 tønne rug, 5 tønner bygg, 17 lass høy, 5 kyr, 1 hest, 1 sau, 1 gris, gårdsredskap, gang- og sengeklede, matvararer og øl frå gården. Det skulle dei kanskje ikkje ha gjort, for på tilbakevegen, så fraus 3 000 svenske soldatar i hel på tur tilbake til Sverige etter at Carl XII vart drept.

Eg skal forresten vere glad for at eg ikkje var fødd da, for hæren til Armfeldt tok faktisk bonden på Bjerkem –  forfaren min – Ole Olsen Bjerkem til fange – og sa at om dei ikkje fekk løysepengar, så ville dei føre han til Sverige. Heldigvis klarte familien min å låne ti riksdaler og kjøpe Ole tilbake! Så fekk han fortsette å produsere mat og brødfø familien sin!

No har vi eit mye betre forhold til svenskar, og vi er mellom anna med i eit Interreg-prosjekt om mat som heiter Smak 63: https://viewer.mapme.com/smak63. Det betyr at vi samarbeider med andre smaksopplevelsesbedrifter langs den 63 og 64 breddegrad – altså om smaksopplevelser langs Nordens Grønne Belte. 

Vi produserer altså stadig, som på 1700-talet, økologisk mat for salg her. Vi har melk og kjøttproduksjon, men mest spesielt er kanskje at det i tillegg til ekrer med gras også er med urkorn; for eksempel rug, emmer og dinkel. Dette er gamle spannmålssortar som ikkje har vore med i foredlingsbølga frå etter siste verdskrig og framover, og derfor har ein del eigenskapar som dei nyare kornsortane ikkje har (og så er det også motsett da, sjølvsagt). Kona mi og eg eig saman med 4 andre gardar selskapet Gullimunn som produserer mjøl av gamle kornsortar.

Og så produserer mora mi bunader – folkedraktar frå det gamle Nord-Trøndelag fylke – ho har rekonstruert den gamle draktskikken frå ei stund etter at Armfeldt og kompani var her: ca. 1750-talet og fram til midten på 1830-talet – og held til på Bunadburet på gården.

Her ligg det også gourmetrestauranten Experience som serverer 16-retters middagar med ureist, kortreist og økologisk mat. https://www.tripadvisor.co.uk/Restaurant_Review-g190497-d13313677-Reviews-Experience_Restaurant-Steinkjer_Steinkjer_Municipality_Nord_Trondelag_Central_No.html Kim Tore Sjøbakk som eig og driv restauranten har vore kjøkkensjef på The Maze i London under Gordon Ramsey og på The Dorchester under Alain Ducasse. 

Og så tar vi i mot gjester her på gården til overnatting, og held også kurs og utviklingsseminar for bedrifter gjennom firmaet KultLab.

Sjølv om gården truleg vart rydda før år 0, er dei fleste husa her bygd på 1800-talet, og det er mange historier og segner knytt til gården. Kanskje er mange som les akkurat denne bloggen interesserte i slike historier, så la meg derfor heilt til slutt her, fortelje at tipp-oldemora mi Karen Bjerkem ein gong trefte nissen med ku og kalv da ho var på veg heim ein kveld. Nissen hadde korte bukser og raud topplue. Ho vart veldig redd, og gjømte seg bak ein stein. Heldigvis såg ikkje nissen henne, så ho kom seg velberga heim. 

Gammellavin på Bjerkem

Som vaksen vart Karen gift med Johan Jakobsson Bjerkem, og fekk sønnene Jakob og Johan. Eg starta med å seie at eg heiter Johan, så da forstår du kanskje at faren min og sonen min heiter Jakob.

No som eg fekk vere gjestebloggar her, så vil jo eg gjerne invitere deg som leser heim som gjest til meg. Kanskje treffest vi? Velkommen er du i alle fall!

Johan Einar Bjerkem

Lämna en kommentar

Under Historia, Sagomuseets verksamhet

Kommentera

Fyll i dina uppgifter nedan eller klicka på en ikon för att logga in:

WordPress.com-logga

Du kommenterar med ditt WordPress.com-konto. Logga ut /  Ändra )

Facebook-foto

Du kommenterar med ditt Facebook-konto. Logga ut /  Ändra )

Ansluter till %s